NORDSTJERNEN: TRUDE ELISABET FRA NORGE

0 664

Trude Elisabet fra Norge begynte med scrapbooking for 9-10 år siden, og i dag lager hun for det meste kort og layouts. Siden i sommer har Trude Elisabet også laget egne blomster som hun bruker på papirprosjektene. Det er spesielt to utenlandske scrappere som inspirerer Trude Elisabeth, disse er Jennifer Mcguire og Collette Mitrega og hun finner også mye inspirasjon i “Ett trykk”. Vi er glade for å kunne presentere Trude Elisabeth i The Paper Crafting denne desemberlørdagen. 


Hvem er du? Fortell litt om deg selv.

Eg heiter Trude Elisabet Wefring, og er ei singel dame på 51 år. Kjem eigentleg frå Ørsta på Sunnmøre, men har budd i Førde ( Sogn og fjordane ) sidan hausten -93. Eg er utdanna adjunkt, men er for tida arbeidsledig. Eg likar godt å lese, høyre musikk, og gå på kino, og å vere saman med vener. Og så likar eg veldig godt å halde på med papirhobbyen min, som er scrapbooking. Likar også å strikke, men det vert meir i perioder. Hiv meg fort på nye mønster, som når t. d nye luemodellar vert populære. Det vart dermed ei Lothepus lue på meg i fjor. Eg har også strikka litt frå den første «Klompelompe» – boka.

Når begynte du med papirhobby?
Hugsar ikkje heilt årstalet, men det er i allefall 9-10 år sidan. Hugsar at eg var på eit kurs der ein skulle lage julekort. Har det kortet endå, trur eg. Rart å sjå på det no etter alle desse åra. Teknikken og sjangeren min har endra deg mykje sidan då. Var på eit kurs til, det også før jul trur eg. Og dermed var eg hekta.    

Hvorfor begynte du med papirhobby?
Kvifor eg begynte med papirhobby veit eg ikkje, men eg har alltid likt å vere kreativ og å lage noko med hendene.

Hva slags papirhobby holder du på med?
Eg scrappar, og det vert for det meste kort til gebursdagar og julekort. Julekorta mine lagar eg sjølv etter at eg begynte med denne hobbyen. Etter eit kurs med Kirsten Hyde med mixed media i 2015 har det også vorte nokre layout (LO) dei siste åra. For cirka 2 månadar sidan laga eg også mitt aller første Project Life (PL). Lagar litt tags også. Prøver meg også på ulike bretteteknikkar. Det er ikkje alltid eg får det til på første forsøk, så det vert litt prøving og feiling, men det er kjekt likevel. Eg har også laga ein del kort til gutar og menn. Er tante til to gutar så då brukar dei å få eit til gebursdag og jul. Spesielt kjekt er det å gje til den yngste, han likar korta han får og gjev meg alltid fine og gode tilbakemeldingar. Det er alltid kjekt og gjevande å gje kort når ein veit at dei vert sett pris på. Merkar då at eg gjerne legg litt meir arbeid i korta eg skal gje til han. Å lage kort til gutar eller menn var vanskeleg i starten, men tykkjer det går lettare no. Det vart lettare etter eit kurs med Yasmin Tølche som holdt eit kurs på Førdescrappen hausten 2016.    

Holder du på med papirhobbyen ofte?
Det varierer, men mest om hausten og vinteren. Når eg først set meg ned for å scrappe går timane fort, brukar ofte lang tid på kvart kort. Brukar tid på å tenkje ut, og prøve ut korleis kortet skal vere. Om hausten vert det laga mest julekort. Sidan eg begynte med denne papirhobbyen har det vorte sjølvproduserte julekort frå meg, så om hausten er det det som står på programmet. Det vert sjeldan to heilt like, og eg tykkjer det er kjekt å gje frå meg noko eg sjølv har laga. Prøver også å variere med ulike bretteteknikkar. Om eg scrappar lite ein månad får eg i allefall høve til det siste onsdagen i kvar månad. Då samlast ein gjeng med scrappelystne damer i Førde. I Førde og område rundt er det eit ganske stort scrappemiljø, og mange av oss samlast til felles scrapping desse onsdagane. For meg er det ofte månadens høygdepunkt. Desse onsdagane er utruleg kjekke og gjevande, vi utvekslar tips, råd og vink. Og sjølvsagt vert det også ein god del latter.

Beskriv din stil for oss.
Ja, kva skal eg seie om den. Trur ikkje eg har nokon spesiell stil, lagar stort sett enkle kort utan alt for mykje stæsj. Ofte rufsar eg panela av kartong eller motivark, og kanskje svertar eg dei i tillegg med stempleputa walnut stain (Distress Ink). Brukar også ein del blomar, men ikkje for mykje. I sommar begynte eg å lage blomar sjølv. Eg fekk inspirasjon på eit av våre felles scrappesamlingar. Der laga nemleg Anita (Anita Sæterdal) blomar, og det såg utruleg kjekt ut. Så dette måtte eg også prøve. Etter litt prøving og uttesting fann eg ut korleis eg skulle produsere blomane mine. Kjekt å lage eigne blomar og så bruke dei på kort eller liknande.  

Har din stil endret seg med tiden?
Trur nok at den har forandra seg. I starten hadde eg ikkje big shot eller dies så då brukte eg blomar og motiv frå mønsterark, eller foto. No brukar eg mykje dies, blomar, perler, papirserviettar, blonder, pluss ulike motiv frå motivark eg tykkjer er fine. Eg brukar også å embosse, både med embossingpulver, og med embossingfoldarar. Det gjorde eg heller ikkje i starten. I starten var det heller ikkje så mykje å få tak i av ulike pynteelement, og remedier. Pleier å seie at eg har fått eit heilt nytt hobbyliv etter at big shot`en min kom i hus, og angrar ikkje ein dag på at eg investerte i den. Eg kunne då begynne å bygge opp dies-samlinga mi.  

Vis oss 3-5 av dine favorittprosjekter. Hvorfor disse prosjektene dine favoritter?

Layout

Dette er ein av favorittane mine. Det var ei utfordring i Papirlosjen i vinter der ein skulle bruke stensil. Eg berre heiv meg med, eg ville prøve å vere med på ein eller anna utfordring innanfor hobbyen min, og vart veldig overraska og glad då eg fekk e-post om at eg hadde vorte uttrekt.

Bryllaupskort

Dette likar eg også veldig godt. Har ikkje laga så mange bryllaupskort. Dette er også frå eit utfordring eg var med på tidlegare i år. Det skulle vere eit bryllaupskort med eit innslag av blått. Eg var heldig og vart uttrekt igjen.

Lag-på-lag kort

Dette er også ein av mine favorittar. På det store haustreffet som vart arrangert her i september vart det kurs i akkurat dette – lag på lag. Cathrine Nedregotten (Scrapomania ) var kurshaldar. Eg måtte langt ut av komfortsona mi her, men du kor kjekt det var. Og eg vart veldig fornøgd med resultatet. Laga eit liknande i andre fargar nokre dagar etter kurset.

Julekort

Brukar ein del tid på å sjå på Youtube, og ein kveld såg eg eit nydeleg julekort. Dagen etter måtte eg på «snopebutikken»- Bokuben, for å sjå om dei hadde det som eg trong. Og det hadde dei, så den kvelden vart det eit julekort til som eg vart veldig fornøgd med.

Hva inspirerer deg? 
Det som inspirerer meg er stempelbladet «Ett trykk» som eg abonnerer på. Det kjem 6 utgåver for året, pluss eit eige juleutgåve, med berre julekort, og anna til jul. I 2014 og 2015 sendte eg sjølv inn bidrag. Laga nokre kort, og forklaring på dei og sendte avgarde. Trudde ikkje eg kom med, så desto meir overraska og glad vart eg då eg opnadei aktuelle blada og såg mitt eige namn og kort. Utruleg kjekt, det gjev ein spesiell push tykkjer eg når ein ser noko kjendt, noko ein sjølv har laga. Ein får lyst til å gjere det igjen. Dei siste åra har eg ikkje gjort dette, men har tenkt å sende inn igjen.

Eg vert også inspirert av andre scrapparar. Vert også inspirert av å sjå på Youtube og dei innslaga med scrapbooking der. Har funne meg to utanlandske som eg ofte er innom for å sjå kva dei lagar. Desse to er Jennifer Mcguire og Collette Mitrega.

Kan også vert inspirert av utanlandske scrapbookingsblad. Det hender eg kjem over eit på Narvesen, og ser det interessant ut, vert det med meg heim. Litt kjekt å sjå korleis kort vert laga i andre land. Dei eg har kjøpt er «Cardmaking & papercraft», «Simply cards and papercraft», «Making cards». Dei har gjerne ein heil annan stil og uttrykk enn dei norske.

Er det noe innen papirhobby du har lyst å lære deg?
Eg kunne godt tenkt meg å lære meir om mixed media. Då kunne eg kanskje lettare kasta meg ut i det, og lage noko. Ser mykje fint innan denne teknikken, og får lyst til å prøve, kjenner at eg kan for lite og det stoppar meg. Veit at det ofte er berre å kaste seg ut det, men vil gjerne kunne litt meir først.        
   
Kan du nevne fem produkter/verktøy du ikke kan leve uten?
Eg kan ikkje leve utan big shot`en min, skjærebrettet mitt, alle dies`ane mine, lim, og blyant.

Hva står øverst på din ønskeliste nå?
Veit ikkje om det står noko på ynskjelista mi akkurat no. Har ein del som eg må prøve å bruke opp, slik som blomar, kartong og motivark. Det er berre det at det heile tida kjem mange nye veldig fine ark, eller diesar som ein får lyst på, og som ein berre MÅ ha.

Hvem i vår scrappeverden kunne du tenke deg å møte «in real life»? Og hvorfor?
Kunne godt tenkt meg å møte Jennifer Mcguire eller Collette Mitrega. Desse er to av favorittane mine når det gjeld Youtube. Dei lagar mykje fint og spanande, og i tillegg forklarar dei veldig greitt og forståeleg kva dei gjer.

Hvordan er din scrappeplass?
Eg scrappar på kjøkkenet eller i stova. Sidan eg har ei lita leiligheit har eg ikkje eige hobbyrom, noko eg svært gjerne skulle ha hatt. Då kunne eg ha hatt alt utstyret der, og kunne sitje der medan eg kosa meg med hobbyen min.

Hvor kan vi finne deg? (Blogg, webside, profil på sosiale medier mv.)
Eg har profil på Facebook.

Foto: Trude Elisabet
Publisert med tillatelse

Legg igjen et svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

CAPTCHA